LESJA INNKJØPSLAG SA

Bedrifta er eit andelslag, og det er bøndene i bygda som eig andelane.

Bakgrunnen er at Lesja Ysteri i si tid oppretta Lesja Ysteri’s Bilruter og Lesja Ysteri’s Innkjøpslag. Den fyrste bilen vart kjøpt i desember 1940. Etter at Østlandsmeieriet tok over ysteridrifta, vart innkjøpslaget skild ut som ei sjølvstendig bedrift. Lesja Bilruter er namnet på bilavdelinga til innkjøpslaget, og slik ikkje eit eige firma.

Foto: spz

Lesja Innkjøpslag og Lesja Bilruter har felles leiing med dagleg leiar og økonomikontor.

Totalt omsette vi for nesten 94 millionar kroner i 2008. Av dette stod bildrifta for ca. 45 millionar. Sysselsetjinga utgjer ca. 46 årsverk. Av desse er om lag 36 knytte til bildrifta.

Historisk var det transport av varer inn og ut av ysteriet samt varer inn til eigen butikk som var hovud-oppgåvene til bilavdelinga. Etter at ysteriet vart borte har dette forandra seg ein del, men TINE er framleis av våre viktigaste oppdragsgjevarar. Vi har all inntransport av mjølk i Lesja,Dovre, Heidal, Vågå, Lom og Skjåk. Dei seinare åra har mykje mjølk gått frå ”våre” kommunar til Synnøve Finden sit anlegg i Alvdal og Tine sine anlegg i Byrkjelo, Frya, Brumunddal og Oslo.

Lesja Innkjøpslag driv både Bygger’n Lesja og fk butikken. Innkjøpslaget sel og kraftfôr for Felleskjøpet, og innkøyring av varer til butikken er ein viktig del av transporten vår. Bilrutene har og ein kranbil som køyrer varer frå innkjøpslaget ut til kundane. Dei seinare åre er det byggevaredelen av butikken som har auka mest.

I byrjinga køyrde Lesja Ysteri’s Bilruter utan noko løyve, men i desember 1945 vart det vedteke å søkje kommuna om ”konsesjon på transport og personbefordring….”

I 1947 fekk LYB konsesjon på person-  mjølke- og godstransport frå ”Romsdals Grense til Dombås.” Etter dette har persontransporten vore ein viktig del av Lesja Bilruter. I dag har vi konsesjon på strekninga frå Møre og Romsdal grense til Otta, og køyrer blant anna elevane til sju ulike skular. I fleire år har vi samarbeidd med Ålesund Bilruter, Veøy Billag og Ottadalen Billag om fleire ulike TogBuss ruter. Desse er lagt ned, og nå samarbeider vi med dei to Møre-selskapa om Dag- og Nattekspressen frå Ålesund til Oslo. Denne ruta går inn under paraplyen til Nor-Way Bussekspress.

I 2006 starta vi Helsebuss mellom Dombås og sjukehusa på Lillehammer og Gjøvik for Sykehuset Innlandet. Ruta kjøyrast alle kvardagar heile året.

 

Turkøyringa er og viktig, ikkje minst med tanke på å utnytte ledig materiell om sommaren.